Arbeidsledighet1.2 %
Sysselsettingsgrad57 %
Medianinntekt husholdning687 100 kr
Nettoflytting (siste år)+6 innb.
Lånefritak (Lånekassen)25 000 kr/år
Antall kommunale insentiver8
Bustadtomter
Åseral kommune har fleire fine bustadtomter for sal i fire område i kommunen. Dei fleste tomtene er i Kyrkjebygd, men det finst også tomter på Kylland og Lognavatn. Oversikt for ledige tomter i dei enkelte områda finn du på kommunekart.
Tilskot til bustadbygging, snørydding, vatn og avløp
Søknaden blir handsama av kommunaldirektøren. Tilsegn om tilskot blir gitt etter skriftleg søknad. Tilsegn står ved lag i 3 år. Før tilsegn blir gitt må byggesøknad for bustadhuset vere godkjent. Søkjar er sjølv ansvarleg for å sende inn oppmoding om utbetaling. Utbetaling skjer når ferdigattest ligg føre.
Tilskot til private vass- og kloakkanlegg
Søknad blir handsama av kommunaldirektøren. Tilsegn om tilskot blir gitt etter skriftleg søknad. Tilsegn står ved lag i 3 år. Før tilsegn blir gitt må bygge- og utsleppssøknad for anlegget vere godkjent. Søkjar er sjølv ansvarleg for å sende inn oppmoding om utbetaling. Utbetaling skjer når ferdigattest ligg føre.
Tilskot til luft-til-luft varmepumper
Søknad blir handsama fortløpande ved bruk av digitalt søknadsskjema. Kommunedirektøren har ansvar for forvalting av ordninga. Klage på administrative vedtak blir handsama av formannskapet. Støtta blir utbetalt etterskotsvis etter betalt rekning.
Gratis SFO (Skulefritidsordning)
Fristen for å søkje om plass i SFO for det komande skuleåret er 1. mars. For å vera sikker på å få plass, må ein søkje innan fristen. Du loggar deg inn i foresattportalen til Visma med elektronisk ID via ID-porten. Etter innlogging får du høve til å velje mellom bokmål, nynorsk eller engelsk som språk.
Redusert foreldrebetaling barnehage og gratis kjernetid
Du må sjølv søkje gjennom eit fastsett skjema. Søknader blir handsama basert på hushaldinga si samla inntekt. Søknad om gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling gjerast via føresattportalen til Visma.
Syskenmoderasjon barnehage
Du treng ikkje søke. Du får dette automatisk, så lenge syskena er registrert med same fakturamottakar og bur i same hushaldning. Dette må være registrert i Folkeregisteret.
Utdanningsstipend
Søknaden blir sendt til SERK (eining for service, reiseliv og kultur). Søknadsfrist er 1. mars for hausthalvåret, og 25. juni for vårhalvåret. Halve summen kan utbetalast etter kvart semester. Skulen/lærestad må attestera at 1. halvår av skule/læreår er fullført. Bortebuarar må legge ved dokumenterte leigeutgifter. Ved skule/læreårets slutt er det søkjar sjølv som er ansvarleg for å levere dokumentasjon på fullført skulegang/læretid.